forside | informasjon | kva skjer? | opplevelsar | Overnatting | Vervarsel |
under_heading_index
 
bilde

Online booking for:

Landskappleiken 2011

Har du husrom til utleige?

Møtestad Seljord har laga ein kontrakt for private utleigarar.
Kontrakten kan du laste ned her.
Send den så til:
info@seljordportalen.no
bilde
Seljord kommune Seljord & Sogene Granvin kulturhus Dyrsku'n Arrengement


Velkomen til Seljord
Seljord kommune ligg midt imellom aust og vest; 17 mil frå Oslo, 28 mil frå Haugesund og 2,8 mil frå Bø.  Seljord sentrum er eit trafikknutepunkt med bussekspressar som syter for god kommunikasjon med omverda, t. d. Oslo, Bergen, Grenland og Torp.Kommunen er 711 kvm stor og har i underkant av 3000 innbyggjarar. Seljord er handelssenteret i Vest-Telemark.  

Bilde
Utsikt over Flatdal

Ei mengde ulike lag og organisasjonar som femner dei fleste interesser og sider innan kulturlivet, gjev tilbod heile året igjennom. I tillegg til fleire grendehus, har Seljord Granvin Kulturhus, regionalt kulturhus for Vest-Telemark med teater-, konsert- og kinosal og idrettshall.
Godt utbygde anlegg og område for idrett, symjehall og gode tilbod til natur- og friluftsinteresserte, sommar og vinter, i lunt lågland, på badestrender og i turterreng i skog og fjell, gjev rike moglegheiter for fysisk aktivitet.

Kunstforening, kunstsalong, galleri, kunstmuseum, målarklubb og handverkstun med årlege sommarutstillingar og og andre kulturtilbod, syter for at mange turistar finn vegen til Seljord.  Likeins med Dyrsku`n, fesjået som blei arrangert fyrste gong i 1866; over 70.000 vitjar Dyrskuplassen i løpet av tre septemberdagar!   Plassen nyttast òg til å arrangere m. a. Nordens største countryfestival, dansebandfestival og  ymse leirar og stemne.

BildeGjennom kunsthistoria har mange målarar og andre kunstnarar funne motiv og inspirasjon i Seljord. Seljord kan hauste av ein av landet sine rikaste og mest levande folkemusikk- og folkekunsttradisjonar. Mykje av det som i dag blir rekna som nasjonal kulturarv er henta  i frå kommunen, m. a.  eventyr, soger og segn.

Sjøormen er ein sentral del av Seljord si kulturhistorie.  Ein finn skriftlege kjelder heilt attende til 1700-talet.  Mange "vettuge" og truverdige personar har sett "noko" dei ikkje kan forklare.

Welcome to Seljord

Seljord lies in the middle of South-Norway; 170 km from Oslo, 280 km from Haugesund and 28 km from Bø. There are about 3000 inhabitants in Seljord, and Seljord is a shoppingcenter for the West-Telemark region. You can go by buss from Seljord to Oslo, Bergen, Grenland and Torp Airport.

While staing in Seljord you can visit our beautiful church, several art exhibitions and other cultural places. You can experience the beautiful nature surrounding Seljord. Try fishing or swimming in the Seljord lake, look for the Sea Serpent or visit the Dyrsku-area, a place used for big festivals. 



Kva skjer?



SEPTEMBER
09.09 kl 16:00 (Endring!!)
Turen Langlim(Leite) - Furufjell  torsdag 9.september. Start frå Granvin kl 16.00 og frå Nutheim kl. 16.15. Vi fyller bilane og køyrer til Langlim. Omtale av turen finn ein i VTB tysdag 7.september.Turen tek ca 3 timar med matpause m.m.
Sogelaget


10.09-12.09 kl 09:00
Seljordutstillinga Dyrsku’n, Dyrskuplassen i Seljord
www.dyrskun.no 

16.09 kl 11:30 -12:30
Bokinspirator Liv Gade er å treffe på biblioteket i Seljord.
www.granvin.no

17.09 kl 20:00
Seljordkappleiken - konsert, Granvin kulturhus, Seljord
www.seljord.kommune.no

18.09 kl 12:00
Seljordkappleiken, Granvin kulturhus, Seljord
www.granvin.no

19.09 kl 10:00
Tur til Reinstaul - Borkebudalen - Strånd og evt. Vevall - Brekke. Oppstart frå Granvin kl 10:00. Heildagstur, turen kan gjerast kortare. annonse og omtale
av turen i VTB i veke 37
Sogelaget


23.09
Den lille muldvarpen - Riksteateret

www.granvin.no

OKTOBER
02.10 kl 17:00
Oktoberfest, Dyrskuplassen i Seljord
www.dyrskun.no 

16.10
"For konge og Fedreland" - Shabana Rehman
www.granvin.no

20.10
KRUK - Riksteateret
www.granvin.no

31.10
Soloppgang i Riga - Riksteateret
www.granvin.no

NOVEMBER
06.11
Seljord folkehøgskule
www.granvin.no

27.11-28.11 kl 11:00
Jolemarknad, Dyrskuplassen i Seljord
www.dyrskun.no  

DESEMBER
12.12
Sundagsope i Seljord sentrum

 

Sjekk også Seljord kommune sine Heimesider for kva som skjer i Seljord og omegn den neste tida.

www.seljord.kommune.no



bilde

bilde
Last ned:
Vest-Telemark

Download:
Western Telemark


Lokale aviser:




Webadmin | Lavine Websystem er utviklet av Nor-Rec | 2010

logokommune