forside | info | opplevingar | overnatting | Festival/Dyrsku`n | Veret | Lag og bedriftar | Sjøormen | English |
under heading
Festival/Dyrsku`n forside > Festival/Dyrsku`n > dyrsku'n > Artikkel  
dyrsku'n
seljordfestivalen
countryfestivalen
Vårmarknad
Oktoberfestival
Dyrsku`n i Seljord
Kvart einaste år i september er det tid for Dyrsku`n i Seljord. Ein massiv innsats i dugnad, utallige timar arbeid og ikkje minst eit enormt apparat skal til for å arrangere denne folkefesten. Det er ikkje utan grunn at tidsrekninga på hausten i Seljord tek utgangspunkt i "før og etter Dyrsku`n", fesjået som samlar omlag 80.000 menneske frå heile Sør-Noreg og meir.

Det heile starta i 1850-åra da det blei avvikla fesjå på ein rekke plassar i Telemark. her møtte bøndene fram for å handle og selje. Fyrst og fremst var det handel med dyr, men etter kvart kom det òg andre varer til. Det var ikkje uvanleg at det var mellom 4-500 dyr for sal under marknadane.

Etter kvart var det sterke krefter som ville ha fesjåa samla på ein fast stad, så då Even Høyesen Nordgarden stilte eit 100 daa stort område til disposisjon samstundes som statsagronom Hohann Lindequist jobba iherdig med myndigheitene, blei det avgjort at fesåa skulle haldast i Seljord.

bilde

Bilete frå Dyrsku`n anno 1956

 

 

Dyrskuplassen har ei lang historie, med funn så langt tilbake som til 300 a.d. På plassen og områda ikring har det vore bort imot 150 gravhaugar skal ein tru det Eille har nedteikna i " Beskrivelse over Sillejords Præstegield" 1786. Kvifor akkuratt dette området blei bruka til gravplass veit ein ikkje, med det ein veit er at i tilknyting til slike gravstadar var det gjerne ei tingplass og ein marknadsplass. Her møtte folk i gravferder, kanskje la dei ned offergåver til gudane, heidra sine døde, avgjorde tvistemål og handla varer. Funna som er gjort her er rike både på våpen og nyttegjenstandar. I 1893 kom ein arkeolog N. Nicolaysen og gorv ut 30 gravhaugar, funna blei selde til museum og privatpersonar og med det spreidde ganske vidt omkring. Sidan vegane på den tida var vanskelege å fara på blei bare dei gjevast gjenstandanetekne vare på, resten låg att . Dette skulle tilsei at i grunnen på Dyrskuplassen ligg det framleis eit stort materiale frå desse tidlege tider.

 

 




 
Webadmin | Lavine Websystem er utviklet av Nor-Rec | 2010
 

logokommune