forside | info | opplevingar | overnatting | Festival/Dyrsku`n | Veret | Lag og bedriftar | Sjøormen | English |
under heading
info forside > info  
kontakt
transport
linkar
veret
seljord kommune
Pressemeldingar
Opningstider
Velkomen til Seljord
Seljord kommune ligg midt imellom aust og vest. Seljord sentrum er eit trafikknutepunkt med bussekspressar som syter for god kommunikasjon med omverda, t. d. Oslo, Bergen, Grenland og Torp.Kommunen er 711 kvm stor og har i underkant av 3000 innbyggjarar. Seljord er handelssenteret i Vest-Telemark.  Ei mengde ulike lag og organisasjonar som femner dei fleste interesser og sider innan kulturlivet, gjev tilbod heile året igjennom.Godt utbygde anlegg og område for idrett, symjehall og gode tilbod til natur- og friluftsinteresserte, sommar og vinter, i lunt lågland, på badestrender og i turterreng i skog og fjell, gjev rike moglegheiter for fysisk aktivitet.

Bilde
Fin haustdag på Heggeneset (arkivbilde)



Velkomen til Seljord
audny barstad


Vår kommune representerer eit mangfald av overnattingstilbod og opplevingar. Utfordringa di er å velje kva du vil gå glipp av.

Seljord har i alle fall hatt busetnad tilbake til eldre bronsealder (1800-1100 år f.kr) og tradisjon med handelsnæring tilbake til folkevandringstida (500 år e.kr).

Me er i dag ein moderne kommune med flott infrastruktur, rike kulturelle røter og er kjende for god service.

Om du ynskjer informasjon under ditt besøk hos oss, er du hjartleg velkomen.

Me er her  for deg.
 
Velkomen til Møtestad Seljord.
 
 
Stig Ellingsen
Turistvert

 
Webadmin | Lavine Websystem er utviklet av Nor-Rec | 2010
 

logokommune