|
|
LAG, FOREININGAR OG BEDRIFTAR I SELJORD OG OMEGN
Næringslivets interesser i Seljord blir ivareteken av Næringslaget i Seljord. ”Seljord er ein ”næringsrik” kommune. Ingen andre kommunar i Telemark har så mange tilsette i privat sektor per innbyggjar som Seljord. Talet på tilsette i privat sektor tilsvarar 40,1% av talet på innbyggjarar i kommune. Seljord har ein stor del av arbeidsplassane i handel, forretningsmessig tenesteyting, transport, bygg og anlegg og hotell og restaurant. Samtidig er det svært liten del av arbeidsplassar i industrien. Seljord har næringsprofil som eit utprega handels- og servicesenter.” (Utdrag frå ei analysa ”Kulturmagneten” gjort av Telemarksforsking-Bø v/Knut Vareide) Lag og foreiningar Ei mengde ulike lag og organisasjonar som femner dei fleste interesser og sider innan kulturlivet, gjev tilbod heile året igjennom. Godt utbygde anlegg og område for idrett, symjehall og gode tilbod til natur- og friluftsinteresserte, sommar og vinter, i lunt lågland, på badestrender og i turterreng i skog og fjell, gjev rike moglegheiter for fysisk aktivitet.
  
|
|
|
|